Macho is back!

Går samfunnet vårt stadig lenger i retning av å utviske gamle kjønnsrollar og skilnader på mann og kvinne?

Eller er det ein dreining attende til gamle mønster for kjønnsrollane, der menn atter ein gong får lov til å vere ekte menn og kvinner kan vere superfeminine?

Reklamefilmbransjen vert ofte skulda for å sementere konservative kjønnsrollar.
Er det rett eller galt?

I det siste er det dukka opp ein del interessante reklamefilmer som gjev eit godt utgangspunkt for å drøfte desse problemstillingane med elevane.

Med utgangspunkt i den nye og omdiskuterte reklamefilmen for XL-bygg er det interessant å diskutere med eller få elevene til å lage eit innlegg der dei argumenterar for synet sitt.
Det er fleire reklamefilmar som kan brukast til same tema, og filmane finn de på YouTube.

Rreklamefilm for XL-bygg (Macho is back): http://www.youtube.com/watch?v=IbN_ZRGZnaQ

Her kan ein og kome inn på sjangeren parodi. Mange vil nok oppfatte heile filmen som ein ren parodi. Men blir den heilt tannlaus og ufarlig for det?

Sjå elles artikkelen Kjønnsroller og reklame, som har ein peikarsamling til emnet

Andre machoreklamar (eller?)

Feil pose (Kims chip)

Break up as it should be (Coca cola zero)

Getting dressed (Axe)

War of sports (XXL)

Er det nokon som har andre forslag til filmar som kan brukast?

Reklamefilm – eit opplegg med oppgaver (Mediana)