Hjelp

 

Velkommen til deling.ndla.no!


Søk på deling
På deling kan du finne læringsressursar på fleire måtar. Du kan bruke søkjefeltet øvst til høgre, du kan sjå på lista over dei nyaste ressursane, eller du kan klikke på ressurskartet og få ei innhaldsoversikt sortert etter ressurstype.

Pålogging
Alle kan dele ressursar på deling, og alle kan bruke ressursane som finst her. Du treng ikkje logge deg på for å sjå og bruke ressursane, men du må vere pålogga for å kunne laste opp innhald. Vel «Logg inn for å dele», og du får høve til å logge inn via FEIDE, Google, Twitter, Facebook eller Windows Live.

”Min brukar”
Under «Min brukar» har du heile tida tilgang til brukarinformasjonen din. Legg gjerne inn informasjon om fylket ditt her, då slepp du å bli spurd om dette kvar gong du opprettar ressursar. Når du vel visningsnamn i ”Min brukar”, kan det vere greitt å vite at dette ikkje berre er namnet som er synleg øvst til høgre når du er logga inn. Det er òg namnet som blir ståande på ressursane du deler på FYR. Når du har gjort dei brukarinnstillingane du ønskjer, trykkjer du på ”Lagre”.

Slik deler du ressursar
Når du er pålogga, får du opp ein nedtrekksmeny som gir deg høve til å velje kva du vil dele: interaktive oppgåver, artiklar, filer, lenker eller undervisningsopplegg. Når du har valt ressurstypen du vil dele, får du opp sida der du kan leggje inn innhaldet ditt. Dersom du treng meir hjelp til å opprette ressursen, kan du klikke på lenkja øvst på sida og sjå ein kort instruksjonsvideo. Her finn du instruksjonsguider for dei ulike oppgåvetypane.

Alle dei delte ressursane dine finn du igjen under «Mine delte ressursar» på min.ndla.no. Dei som deler flest opplegg, kjem på lista over toppdelarar.

Ta kontakt!
Har du spørsmål eller opplever feil ved løysinga, ta kontakt via "Rapporter"-knappen som du finn nedst til høgre på alle sidene våre.
For å lære meir om kva deling.ndla.no er, går du til «Om deling», som du finn i footer på sidene.