Om deling

Deling.ndla.no er ei teneste der du enkelt kan finne nyttige og relevante ressursar til eiga undervisning: undervisningsopplegg, filer, lenkjer, artiklar, interaktive oppgåver og videoar. Dette er ressursar som andre lærarar har delt. Dei kan brukast i vidaregåande opplæring og i grunnskulen.  

Å få sjå korleis andre jobbar gir deg som lærar inspirasjon og nye idear, og inspirerte lærarar lagar gjerne engasjerande undervisning!

Det er enkelt å dele eigne ressursar på deling.ndla.no, og alle kan gjere det. Lag deg ein konto og kom i gang! Del kunnskapen din med andre lærarar, og få tips og opplegg frå andre.

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp, nytt knappen ”Rapporter”.