Smarthusanlegg

Kva er eit smarthus ?

Det er endå ikkje så mange som veit kva eit smarthus er eller korleis det fungerar. IOT(Internett Of Things) er eit uttrykk som alle må kjenne til. IOT går ut på å kople ulike einingar for eksempel sensorar, varmeapparat, sikkerheitssystemar, elektriske anlegg osb... på det trådlause nettet. Dette gir oss meir kontroll over våre eigendeler. Vi kan for ekempel reise på ferie og vere sikker på at alt i huset er i orden fordi ein kan overvåke huset sjølv frå ein annan plass i verda. Dette gjer ein ved å bruke ein app eller webside.

 

 

Korleis fungerar smarthus ?

For å kunne ha moglegheiten til å kople ulike einingar på nettet må ein ha ein styringssentral. Denne sentraleininga har ein viktig rolle i eit smarthus anlegg. Styringssentralen har som rolle å styre alle einingane som er tilknytta han. Dette skjer via eit webgrensesnitt eller ein applikasjon som kan lastast ned på mobilen. Under er det eit bilete av ein slik styringssentral, det er ingen trådbunden kommunikasjon mellom sentralen og dei andre einingane som er tilknyta sentralen.Bilete av Fibaro som er ei populær sentral eining.

For at det skal vere mogleg for sentralen å kommunisere med dei andre einingar må begge vere på det same nettverket og bruke same kommunikasjonsprotokollen. Det finnes fleire ulike kommunikasjonsprotokoller og blant dei mest populære finner vi Z-Wave og ZigBee. Kvar av desse operar på ulike frekvensband.

Z-Wave protokollen brukar 868.42MHz SRD bandet og ZigBee protokollen brukar 868MHz ISM båndet. Desse frekvensområda gjelder berre i Europa og kan variere i ulike kontinent eller land.

Dei fleste sentralane har støtte for både Z-Wave protokollen og ZigBee protokollen, dette er positivt fordi ein får då moglegheita til å bruke aktuatorar frå både Z-Wave og ZigBee saman. Utvalget av sensorar blir dermed meget stort.

Z-Wave plus er ein nyare versjon av Z-Wave protokollen, og det er stadig fleire og fleire sentralar som får støtte til denne protokollen. Det som er nytt i Z-Wave plus er at den har fått forlenga rekkevidde frå 100meter til 150meter, levetiden til batterien har auka med 50%, den har no 250% meir båndbredde og den har fått AES-128 kryptering som gjer at ein er meir trygg mot data angrep.

Ein kan sjå om ein sentral har støtte for Zwave pluss når eininga er merka med ein av logoane som er under.

 

Kvifor smarthus ?

Smarthus gjer dei daglege oppgåver lettare for oss. Ein kan for eksempel bruke ein "smart rele brytar"som er skjult bak eksisterande brytar. Med ein smart brytar kan ein i tillegg styre brytaren via ein app eller eit webgrensesnitt. Ein kan på webgrensesnittet eller Appen sjå om brytaren er av eller på.

Via brukargrensesnittet har ein også moglegheita til å lage såkalte "scene". Når ein lagar ein "scene" kan ein velge for eksempel på kvar tid eit lys/varme skal vere på, når lys/varme skal vere av, eller automatisere lys/varme til å vere på eller av i eit bestemt tidsrom. 

Smarthus handlar ikkje berre om å gjere daglege ting trådlaust via mobilen, i tillegg til desse funksjonane aukar ein sikkerheita i huset. Det finnes trådlause alarmanlegg, brannvarslar, flodsensor, røykdetektor, sikkerheitskamera osb... som varslar oss i tilfelle det skulle skje noko, for eksempel om det har komne vatn i kjellaren, om det er for mykje røyk eller varme i huset eller om det er nokon som skal bryte seg inn i huset.

 

 

Mahdi Hasani