Nynorsk frasesamling
Det held ikkje med berre grammatikk når ein skal læra å skriva eit språk, skriv Nynorsksenteret. - Ved å ta i bruk ferdige frasar, skriv dei, - kan du få ei kjensle av ordleggingstradisjonane i språket.
Nokre døme:
1. Innleiing/opning
Introduksjon av problemstillinga/temaet:
- Det har lenge vore slik at ...
- I boka/teksten/artikkelen K hevdar X at ...
- I boka/teksten/artikkelen K dreg X fram korleis ...
- I det siste har me sett at ...
2. Hovuddel
Samanbindingsfrasar:
- Jamvel om ... / Endå (om) ... / Trass i at ...
- Jamvel ... / Til og med ...
- I hovudsak har ...
- I alle fall/iallfall ser me at ...
- Med andre ord: ...
- På eit vis er det ...
- Likevel ... / Like fullt ... / Kor som er ...
- Samstundes er ...
- På det viset er ...
- I og med at ... / På grunn av at ...
3. Avslutning
- Som me har sett, så ...
- Eg har no peikt på korleis X ...
- I opninga drog eg fram korleis X ...