Eksempeltekst i norsk

Beskriving: 

Nytt mål i læreplanen er at elevane skal kunne skrive fagtekstar ut frå eksempeltekstar. Då må dei ha gode eksempeltekstar som er meiningsfulle og nær opp mot det dei held på med til dagleg.

Her er ein eksempeltekst som syner oppsett av ein enkel rapport. Ein kan både kalle den arbeidsrapport og fagrapport.

Målet er å syne:

  • oppsettet av ein rapport; kva som er rapporthovud - innleiing - hovuddel - avslutting/konklusjon (synt med ulike fargar)
  • samanhengen mellom teori og praksis (sette det ein har lært inn i ein teoretisk samanheng/syne praktisk erfaring med det ein har lært i teori)
  • ulike former for kjeldebruk i ei moderne teknologiverd - fornuftig og profesjonell samansett tekst
  • korleis ein kan vere tydeleg i målsettinga med teksten

Denne kan nyttast i samband med halvårsplan i norsk (tidlegare utlagt og lekkje lengre nede i opplegget) og støttast av film om rapport på yrkesfag.

Det er opp til faglærar korleis ein nyttar teksten, men det er truleg lurt å leggje teksten som ein ressurs kvar gong ein har rapport som tema.

I norskboka som vi har nytta ein del år, så er det eksempeltekstar, men litt for mykje av det "humoristiske" slaget som ikkje er heilt dagsaktuelle og kvardagslege nok. Det å lage ein eksempeltekst frå ein særs vanleg situasjon i klasserommet gjer at eleven identifiserar seg og kan "kopiere" teksten. Nokon elevar har faktisk behov for ein så nær tekst. Dei flinkaste elevane vil skjøne meir, og kan fange måten den er bygd opp på.

Noko elevar ofte har problem med er å knyte teori til det praktiske på ein naturleg måte. Ein slik enkel tekst vil gje gode døme på dette.

Gamaldagse reglar for kjeldebruk, er ofte hemmande for elevane. Å våge å bruke hyperkoplingar gjer faktisk kjeldebruk meir meiningsfyllt, vi får ein samansett tekst, og ein rikare tekst - utan å bruke for mykje plass. Kjeldebruk på denne måten viser meir av breidda i arbeidet til eleven.

Fordel med PC, men teksten kan skrivast ut.