Design og håndverk – munnleg presentasjon av eigen arbeidsprosess og ferdig produkt

Beskriving: 

Elevane skal kunne presentere eigen arbeidsprosess og produksjon av ferdig produkt gjennom munnleg presentasjon.

 

Læringsmål for opplegget: Eleven skal gjennom ein arbeidsprosess lære å gjere greie for og vurdere eige arbeid, arbeidsprosess og produkt, og presentere dette munnleg.

Engasjement: Få med elevane i diskusjonar rundt tema – kva er ein god presentasjon?

Differensiering: Dette vil vere tydeleg gjennom vanskegrad av innhald i presentasjonen. Ein kan sjå på val av digitale verkty, fagleg innhald, bevisst bruk av fagord, refleksjon rundt eigne val, heilskap og layout i presentasjonen og korleis ein presenterar munnleg.

 

  1. Forarbeid: Lærar må på førehand velje ut ei oppgåve klassa har jobba med praktisk. Eksempel på oppgåve om munnleg presentasjon. Det er viktig at ein tilpassar oppgåva elevane skal få til elevgruppa, og innhald til fag, kompetansemål og vurderingskriteria. Her er det viktig å trekke fram at elevane skal presentere arbeidsprosessen og val undervegs. Det kan vere rundt form, farge, materiale, komposisjon og liknande. Brukar ein kjelder, må elevane tydeleg gjere greie for dette i presentasjonen.

  2. Vis filmen presentasjon og ha ein diskusjon i klassa rundt kva som gjer ein presentasjon god. Ein kan godt lage eit fysisk tankekart, der ein set ned stikkord som skal vere utgangspunkt for vurdering av ferdig presentasjon. Her må ein skilje mellom innhaldet i ein presentasjon, og korleis ein framstår når ein presenterar munnleg.

  3. Presenter kva digitale verkty eleven kan bruke. Her kan ein for eksempel velje mellom PowerPoint, MovieMaker/iMovie eller Prezi. Det er viktig at læraren er trygg på dei verktya elevane kan velje mellom, og at ein har hatt ein gjennomgang av dei på eit tidligare tidspunkt.

  4. Be elevane lese gjennom teoristoffet om presentasjonsteknikk med fokus på avsnitta om foredrag og digitale presentasjonar, og ha ein gjennomgang av det. 

  5. Del ut oppgåveteksten og ha ein gjennomgang av den.

  6. Elevane arbeidar individuelt med oppgåva og lagar ein presentasjon.

  7. Gjennomføring av munnleg presentasjon. Elevane presenterar ein og ein, tid ca. 5 minutt. Tilleggspørsmål til elevane; begrunn val av digitale vekty som er brukt til presentasjonen.

  8. Vurder oppgåva ut ifrå eigen oppgåvetekst og punkt som vart satt ned ilag med elevane i klassa.

Underveisvurdering: Elevane skal få tilbakemeldingar og råd om vidare arbeid gjennom diskusjon og munnlege tilbakemeldingar frå lærar undervegs i arbeidet.

Mål fra IKT-plan:

  • Elevene skal kunne referere til digitale kilder.

  • Elevene skal kunne velge hensiktsmessige digitale verktøy til kommunikasjon og samhandling og begrunne valget.

Kompetanse eller ferdighet i målet fra IKT-plan: Eleven skal kunne reflektere over eigne val i ein arbeidsprosess, og gjere greie for desse gjennom ein munnleg presentasjon.