Design og håndverk – dokumentasjon

Beskriving: 

Elevane skal kunne dokumentere eigen arbeidsprosess og produksjon av ferdig produkt, ved bruk av digitale verkty. Ein vil jobbe med dokumentasjon, foto, film, redigering og presentasjon.

 

Læringsmål for opplegget: Eleven skal lære å dokumentere eigen arbeidsprosess og produksjon av ferdig produkt.

Engasjement: Elevane skal vere med og finne gode eksempel, og bruke kreativiteten rundt film og bilete.

Differensiering: Val av digitale verkty, vanskegrad på foto/film, redigering, heilskap i ferdig presentasjon/film samt mengde og riktig dokumentasjon.

 

Gjennomføring:

  1. Planlegging/forarbeid: Ta utgangspunkt i ei oppgåve som elevane allereie har gjennomført (det bør vere eit ferdig produkt). Lag oppgåve til elevane. Eksempel:

  • I denne oppgåva skal du (eleven) dokumentere arbeidsprosessen frå idé til ferdig produkt, ved bruk av bilete og/eller video. Det er viktig å tenke på komposisjon og kvalitet på bileta/filmen.

  • Rediger bileta/filmane i eit program på din PC (Photoshop er eit godt program der ein kan redigere bilete, viss det er eit program ein brukar i undervisninga). Legg vekt på klipp, farge, blikkfang og innhald.

  • Set bileta og filmen inn i eit presentasjonsverkty ein har jobba med tidlegare (eventuelt må ein ha opplæring). Program kan vere PowerPoint, MovieMaker/iMovie, Prezi eller liknande). Her må ein tenke rekkefølge ein plasserar innhaldet i. Viktig å få med eit fyrste «lysbilete» der ein presenterar innhaldet som kjem. Kan godt legge inn kommentarar/overskrifter undervegs som seier noko om prosessen. Lyd i form av kommentarar og musikk.

  • Filmen skal ikkje vere lenger enn 2,5 minutt.

I tillegg til innhaldet i oppgåva må ein som lærar finne kompetansemål knytt til sitt fag, og sette det inn i oppgåveteksten. Det er og viktig å få med kva eleven skal levere, og kva som blir vurdert (heilskap i filmen/presentasjonen, fargebruk, komposisjon, bruk av lyd og liknande).

 

  1. Start med å presentere temaet i oppgåva. Få elevane til å søke etter gode videoar der ein prosess og eit produkt blir presentert ved bruk av bilete og film. Ta for deg nokre og vis felles i klassa. Analyser videoane – kva er bra? (YouTube, Vimeo …)

  2. La elevane lese gjennom teorien rundt dokumentasjon. Ta ein gjennomgang felles på det som er viktig.

  3. For praktisk gjennomføring kan ein ta for seg val av verkty og videoredigering.

  4. Del ut oppgåva til elevane, og ha ein gjennomgang. Viktig å framheve det som blir vurdert.

  5. La elevane jobbe med å ta bilete av / filme sluttprodukt. Snakk og diskuter undervegs for å utfordre elevane litt.

  6. Vis det ferdige produktet felles i klassa. Utfordre elevane i etterkant til å seie noko om val av digitale verkty både undervegs i prosessen og på det ferdige produktet.

 

Underveisvurdering: Elevane skal få tilbakemeldingar og råd om vidare arbeid gjennom diskusjon og munnlege tilbakemeldingar frå lærar undervegs i arbeidet.

Mål fra IKT-plan:

  • Elevene skal kunne velge hensiktsmessige digitale verktøy til kommunikasjon og samhandling og begrunne valget.

 

Kompetanse eller ferdighet i målet fra IKT-plan: Eleven skal kunne reflektere over eigen arbeidsprosess og velge tilpassa digitale verkty til dokumentasjon og presentasjon.