Filmen "Lesing og skriving i samfunnsfag på 10. trinn" syner eit metodisk undervisningsopplegg der elevane skal skrive ein artikkel om bærekraftig utvikling. Opplegget syner korleis ein kan arbeide grundig og systematisk med lese- og skriveopplæringa heile vegen frå før elevane startar å skrive til det ferdige produktet er klart. Før skrivinga kjem i gang handlar det om å lese systematisk for å tileigne seg kunnskapar, om å notere effektivt medan ein les, arbeide med omgrep og om å arbeide med modelltekstar. Sentralt i oppbygginga av elvane sine eigne tekstar står bruk av avsnittsskjema og tema- og kommentarsetningar. Læraren syner korleis ein kan gi elevane hjelp og støtte undervegs i heile skriveprosessen og korleis vurderingskriteria, som er kjent for elevane på førehand, dannar grunnlag for vurdering på ferdig produkt både i norsk og samfunnsfag.
Spørsmål til refleksjon:
- Kva kan skuleleiinga gjere for å fremje samarbeid om skriveopplæringa på tvers av fag?
- Korleis kan norsklærar og faglærar samarbeide om skriveopplæringa på din skule?
- Kva må til for at same tekst skal kunne nyttast som grunnlag for vurdering både i norsk og eit anna fag?
Utarbeidet av Nynorsk-, Lese- og Skrivesenteret.